Kven bestemmer over krigen?
— Det var spennande å lese tankane dei gjorde seg om retten til å starte krig alt på Eidsvoll i 1814, seier debutant Ida Marie Andenæs Galtung. Dei første forarbeida til § 26 i Grunnlova sette henne på sporet av emnet som først vart masteroppgåve, så bok.
Jurist Ida Marie Andenæs Galtung jobbar til dagleg i Skattelovavdelinga i Finansdepartementet. At ho også har blitt sakprosaforfattar, kan ho takke ein vaken forlagsredaktør for: Marius Gulbranson Nordby i Fagbokforlaget kontakta henne etter å ha sett referansar til masteroppgåva hennar i rapporten «Evaluering av norsk deltakelse i Libyaoperasjonene i 2011» (2018). Etter rundar med omarbeiding, der til dømes metodekapittelet forsvann ut, kom boka ut i haust med tittelen Med høyeste befaling. Om internasjonale militæroperasjoner og Grunnloven § 26.
Far til forfattaren, Andreas Galtung, har levert teikning til omslaget, og kjærasten Carlo Epifanio står for fire illustrasjonar. Dei livar opp ei elles tung juridisk problemstilling som ein trygt kan seie har politisk sprengkraft: i kva tilfelle regjeringa kan bestemme at Noreg skal engasjere seg i krig i utlandet, og når avgjerda må skje gjennom eit ope vedtak i Stortinget.
— Kva har vore den hardaste nøtta å knekke i dette prosjektet?
— Det vanskelegaste var å avgrense emnet for masteroppgåva. Di meir eg las, di fleire problemstillingar dukka opp, seier Galtung.
Spesielt i arbeidet med kapittelet om konstitusjonell sedvanerett var dette vanskeleg, fortel ho. Spørsmålet ho ser på der, er om det har utvikla seg ein ulovfesta grunnlovspraksis på tvers av § 26 som kunne gi regjeringa utvida rett til å vedta deltaking i militæroperasjonar utanfor Noreg.
— Skulle eg ta for meg all deltaking i væpna konflikt etter 1814? Eg måtte gå gjennom alt materialet og samanlikne for å finne ut kva som har vore dei viktigaste og mest kontroversielle sakene, og for å kunne grunngi vala eg gjorde.
Då masteroppgåva skulle bli bok, var det vanskelegaste å gjere teksten tilgjengeleg for ikkjejuristar samtidig som framstillinga vart nyansert nok.
— Det var viktig for meg at boka skulle vere leseleg for alle som er interesserte i temaet. Men boka er også eit fint tillegg til pensum for jusstudentar. Sidan fagstoffet blir presentert i behandling av eit spesifikt tema, blir det enklare å lære, og lesinga blir meir engasjerande.
Er det ei kjelde som har vore spesielt viktig eller forløysande? I tillegg til Grunnlova, sjølvsagt?
Forarbeida til § 26 i Grunnlova gjorde meg veldig interessert i emnet. Første ledd i paragrafen kom inn i 1814, og så har det blittgjort endringar seinare. Allereie på Eidsvoll i 1814 diskuterte dei mogeleg misbruk av krigsretten og farane knytte til å gi kongen så stor makt i spørsmålet. Somme meinte at det burde vere eit krav at Stortinget gav samtykke ved angrepskrig, mens andre meinte at det kunne bli upraktisk og skadeleg om den lovgivande forsamlinga skulle blande seg inn i slike spørsmål, seier Galtung.
Ho las forarbeida også for det vidare lovarbeidet, og då ho kom til 1. verdskrigen, såg ho at frykta for ny krig var stor, og at ein ønskte å avgrense krigsretten. Men det var ikkje berre innhaldet som fascinerte.
— Det var også interessant å sjå korleis dei uttrykte seg på den tida, sjølv om det var krunglete å lese. Eg hugsar særleg Stortingets innstilling frå 1917 om innføringa av omgrepet krig til forsvar av landet. Der står det at formålet med ordlyden i Grunnlova var å «gjøre selvforsvar med vaabenmagt til det eneste krigsbegrep, vor grundlov overhodet kjender og tar sigte paa». Og vidare: «Norge er og skal være et fredelig og fredselskende land.» Det siste har eg brukt som epigraf i boka. Alt då diskuterte dei også grensene mellom forsvarskrig og angrepskrig, som vi framleis diskuterer, men i ei heilt anna ramme.
Då Noreg fekk si første grunnlov, vart ordet krig normalt berre brukt om to statar som slåst, ikkje om interne konfliktar som borgarkrig. Omgrepet vart brukt utan definisjon i Grunnlova, fortel Galtung.
— Difor må ein tolke i lys av formålet og samfunnsutviklinga. I dag omfattar omgrepet krig fleire typar av væpna konflikt enn det som var den folkerettslege definisjonen i 1814.
I boka analyserer ho «krig» som juridisk omgrep både i Grunnlova og i somme andre norske lover. Ho ser også på korleis det har blitt brukt i politisk debatt, spesielt i samband med Afghanistanengasjementet.
— Definisjonen av kva krig er, har endra seg?
— Ja, nye behov og ei ny folkerettsleg regulering av militær maktbruk og konvensjonar dreg i retning av at omgrepet ikkje blir brukt som før. I operasjonar som er aktuelle i dag, kan ein gå inn og støtte ei av sidene i ein intern konflikt. Ordet krig blir også brukt ulikt i ulike fagtradisjonar.
— For tida går det ei rettssak om tolking av Grunnlova, nemleg klimasøksmålet som blir behandla i Høgsterett. Kva tenkjer du om at sivile slik utfordrar lovtolkinga til Regjeringa?
— Miljøet kan jo ikkje gå til sak sjølv! Eg synest det er interessant at dette blir gjort. Det som har kome fram om fagrapporten som ikkje vart tatt omsyn til – dei økonomiske prognosane knytte til boring i Barentshavet – ville kanskje ikkje blitt kjent om det ikkje var for denne rettssaka? Det blir spennande å sjå korleis Høgsterett dømer.
MR
Les meir om boka Med høyeste befaling — Om internasjonale militæroperasjoner og Grunnloven § 26.
Denne artikkelen er skreven av Merete Røsvik og vart publisert i Prosa — Tidsskriftet for sakprosa #6-2020. Intervjuet er gjort i den faste spalta NØTTA OG KJELDA, der Prosa spør forfattarar og omsetjarar ut om det vanskelegaste punktet og den beste kjelda i eit nyleg arbeid.