Kan ein gløyma sitt eige språk?

 
Foto: Shutterstock / Lightspring

Av Ingvil Brügger Budal, Karine Stjernholm og Bernt Thorvaldsen.

Å ikkje gløyma sitt eige språk handlar kan henda om noko så enkelt som å bruka det, å verna om det, å verdsetja det – og også ha kunnskap om det. Korleis har språket endra seg gjennom tidene? Bli med inn i den norske språkhistoria saman med forfattarane av Norsk språkhistorie for lærarar.

Ingvil Brügger Budal, professor ved Høgskulen på Vestlandet

Ingvil Brügger Budal, professor ved Høgskulen på Vestlandet

Kan ein gløyma sitt eige språk? I Kongspegelen, eit verk frå siste halvdel av 1200-talet, lyder eit råd frå far til son slik: «Og om du vil bli fullkomen i lærdom, så lær alle tungemål, men aller helst latinsk og fransk, for dei måla går vidast, men gløym likevel ikkje ditt eige tungemål.» Faren viser medvit om språksamfunnet i samtida og peiker på skilnaden i funksjon, kommunikasjonspotensial og kanskje også prestisje i ulike språk, samtidig som han insisterer på at sonen ikkje må gløyma sitt eige tungemål.

Karine Stjernholm, førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold

Karine Stjernholm, førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold

Å ikkje gløyma sitt eige språk handlar kan henda om noko så enkelt som å bruka det, å verna om det, å verdsetja det – og også ha kunnskap om det. Korleis har språket endra seg gjennom tidene? Språk er kommunikasjon mellom menneske, og kunnskap om eige tungemål er også kunnskap om korleis det blir og har blitt brukt og verdsett. Språkbruk skjer i språksamfunn, og samfunn kan drøfta, styra og planleggja språk. Summert opp kan dette vera kunnskap eller vitskap om korleis språket og språksamfunnet har endra seg gjennom tidene – og det er akkurat slik ein gjerne definerer språkhistorie.

For å forstå språksituasjonen i samtida er ei historisk tilnærming til språk naudsynt
Bernt Thorvaldsen, professor ved Universitetet i Søraust-Noreg

Bernt Thorvaldsen, professor ved Universitetet i Søraust-Noreg

Det er med kunnskap om språkhistoria ein kan forklara talemålssituasjonen i Noreg, prinsippa for rettskrivinga vår, opphavet til og skilnadene mellom nynorsk og bokmål, og banda til nabospråka våre. For å forstå språksituasjonen i samtida er ei historisk tilnærming til språk naudsynt. Ei utforsking av språkleg variasjon og mangfald i samtid og fortid krev brei kunnskap om språket som system, om språklege endringsprosessar og om språkleg mangfald.

Språkhistorie i LK20

Eit av kjerneelementa i norskpla­nen (NOR01-06) er «Språklig mangfold», og der skal elevane mellom anna «ha kunnskap om dagens språksituasjon i Norge og utforske dens historiske bakgrunn. De skal ha innsikt i sammenhengen mellom språk, kultur og identitet og kunne forstå egen og andres språklige situasjon i Norge». Sentralt står arbeid med tekstar frå det (kultur)historiske, samfunnsmessige og geografiske språklege mangfaldet ein har i Noreg og Norden. Det inneber også at elevane skal bli kjende med mangfaldet av språkkompetanse og språkleg variasjon som omgjev dei, og bruka dette for å utvikla eit metaspråkleg medvit med tilhøyrande metaspråk. Eit slikt metaspråk er eit felles språk for å snakka om språk og tekst, og krev at læraren både har kunnskap om og eit fagspråk for alt frå lydar til større tekstar, munnlege så vel som skriftlege.

Gjennom heile skuleløpet er ei kontrastiv eller komparativ tilnærming til språk tydeleg. Ei slik jamførande tilnærming kan mellom anna femna om det fleirspråklege Noreg, dei to offisielle språka våre, dei to målfor­mene våre, minoritetsspråka, teiknspråk, talemål, munnleg og skriftleg språk, osb. Samstundes er ikkje ei komparativ tilnærming til språk berre synkron og mellom ulike språk, men kan også vera diakron og innanfor eitt og same språk, konsentrert om korleis språket endrar seg over tid.

Eit felt me alle er ein del av

Som språkbrukarar står me midt i språket, og då ser me korkje at språket heile tida er i endring, eller dei endringane vårt eige språk er resultatet av. Haldningane til samanfallet mellom kj- og sj-lyden, altså som i kjede og skjede, er eit døme på at språkbrukarane ofte er negative til endringar som skjer i vår eiga samtid. Samstundes er ikkje dette noko nytt: I norsk har lydar både forsvunne og kome til. Akkurat kj-lyden er til og med eit relativt nytt tilskot i foneminventaret vårt og er ei av dei lydlege endringane i overgangen frå norrønt til moderne norsk.

Språkbrukarane ofte er negative til endringar som skjer i vår eiga samtid

Eit vanleg bilete på korleis me oppfattar og dermed er i stand til å skildra (språk)endringar, er å jamføra dei med ei elv, og språkvitaren Fer­dinand de Saussure meinte at «[s]pråkets elv renn utan opphald vidare; om straumen er roleg eller stri, betyr ingenting» (sitert i Torp og Vikør, 2014, s. 15). Som språkbrukar står du i elva, og det meste av endringar skjer så sakte at du ikkje ansar dei. Men når me ser på historia, tek me eit fugleperspektiv på elva, på endringane, og ser større tidsbolkar om gongen. Då er det også lettare å sjå endringane. Somme tider er straumen roleg og det skjer få endringar, andre gonger er straumen stri og det skjer mange endringar. Språket speglar samfunnet, og store språklege omvel­tingar er ofte samanfallande med andre store endringar i samfunnet. Slike urolege periodar ligg til grunn for den vanlegaste språkhistoriske periodeinn­delinga. Mellom dei urolege periodane kjem språkleg stabile periodar.

Kunnskap om dei lange linene frå urnordisk til moderne norsk, om språklege endringsprosessar, skriftspråk og talemål gjev forståing for og verdsetjing av språklege endrings­prosessar generelt og norsk språkhistorie spesielt – altså om det tungemålet me ikkje må gløyma.

Språket speglar samfunnet, og store språklege omvel­tingar er ofte samanfallande med andre store endringar i samfunnet.

 

Om forfattarane: 
Ingvil Brügger Budal, Karine Stjernholm og Bernt Thorvaldsen har skrive boka Norsk språkhistorie for lærarar.