Biblioteket og Fagbokforlaget inviterer.
Sigmund Simonsen, professor i rettsvitskap ved Institutt for maritime studium, kjem for å presentere si nye bok "Til forsvar av landet: Rettslige rammer og gråsoner i fred, krise og krig". Boka tek for seg grensene for bruk av militær makt – når og korleis kan og skal Forsvaret gripe inn? Presentasjonen vil særleg fokusere på Forsvarets handlingsrom 9. april 1940 og 22. juli 2011.
Vi inviterer til eit spanande føredrag. Kom og høyr forfattaren sjølv fortelje frå og om boka.
Det vert servering av kaffi/te, kake og frukt frå kl. 12.00.
Presentasjonen startar kl. 12.15.
Velkomen!
Tilbake til alle arrangementer
Tidligere arrangement: 27. mai
Boklansering: (re)habilitering- terapi, tilrettelegging, verdsetting
Senere arrangement: 29. mai
Boklansering: Nevrologi og nevrokirurgi 7. utgave