Kvifor er det så viktig å lære den norske språkhistoria? Korleis kan dette bli formidla i klasserommet? Bli med på webinar med Ingvil Brügger Budal, Karine Stjernholm og Bernt Thorvaldsen, forfattarane av den nye LNU-boka Norsk språkhistorie for lærarar.
Språkleg mangfald, variasjon og endringar i fortid og samtid står sentralt i fagfornyinga. Den nye boka gjev lesaren ei innføring i norsk språkhistorie, med stor vekt på å visa skulerelevansen til fagstoffet. I dette webinaret kan du få inspirasjon og praktiske tips til arbeid med ein viktig del av norskfaget.
Det er særs enkelt å delta, og heilt gratis. Det einaste du treng er datamaskin, mobil eller nettbrett og ei internettilkopling. Du treng ikkje webkamera eller mikrofon.
Tilbake til alle arrangementer
Tidligere arrangement: 8. mars
Webinar: Like læringsmuligheter for jenter og gutter i barnehage og skole
Senere arrangement: 14. juni
Skriv for livet! Merete Henden og Lennart Jølle i samtale