Tilbake til alle arrangementer

Boklansering: «Den industrielle revolusjonen i Storbritannia i eit komparativt perspektiv»

  • Høgskulen i Volda - Biblioteket 11 Joplassvegen 6100 Volda Norge (kart)

Arnljot Løseth, professor emeritus i historie ved Høgskulen i Volda, har skrive boka "Den industrielle revolusjonen: Storbritannia i eit europeisk og globalt perspektiv, 1600-1914", som nyleg kom ut på Fagbokforlaget.
Boka blir lansert på eit lunsjarrangement i biblioteket, og forfattaren vil halde ein kort presentasjon av boka. Det vil også vere høve til å stille spørsmål i etterkant.

Det blir servering av gratis kaffi og te, og du kan gjerne ta med lunsjen din.

Alle er velkomne!